Forteljinga om hola

Denne hola låg under jorda, men sollyset slapp inn gjennom den breie utgangen. Inne i hola var det nokre fangar. Dei hadde vore der heile sitt liv. Fangane hadde lekkjer rundt halsen og føtene. Så der satt dei, heilt fastbundne, og stirde innover i hola.

Dei kunne nemleg ikkje bevege hovuda for å sjå kva som var bak dei. Derfor visste dei ikkje kva som gjekk føre seg der.

Mellom fangane og utgangen var det nemleg fleire ting. Det var eit bål der, og bak bålet var det bygd ein låg mur. Langs muren gjekk det ein veg som førte ut av hola. På vegen bak muren gjekk det nokre menneske.

Dei gjekk fram og tilbake på vegen. Nokre av dei bar på ulike reiskapar, andre bar på statuar av menneske og dyr. Nokre av dei snakka, andre var tagale.

Men fangane visste ikkje at dei andre menneska var der. Dei hadde jo aldri sett dei! Heile livet hadde dei berre sett kvarandre og skuggane på veggen. Derfor trudde dei at det var skuggane som var verkelege.

Så hende det noko. Ein av fangane blei sleppt fri og fekk forlate hola. Han måtte snu seg og gå rett mot bålet og ut i sola. Han blei heilt blenda av det skarpe lyset! Han kunne sjå menneska og tinga berre svært utydeleg.

Det tok han lang tid å venje seg til å sjå ute i lyset.

Han syntest også det var vanskeleg å forstå verda utanfor hola. Men til slutt greidde han å sjå klart og tydeleg. Då han såg sola på himmelen, skjøna han kva han hadde sett i hola. Sola var grunnen til at han hadde sett skuggane! Han følte seg lykkeleg fordi han endeleg hadde skjøna dette, og han syntest synd på fangane som visste så lite.

Så drog han tilbake til hola. Men då han kom tilbake for å setje dei andre fangane fri, gjekk det ikkje så bra. Mannen prøvde å forklare dei om sola og livet utanfor hola. Men fangane skjøna ikkje kva han meinte. Det var jo ikkje slik dei sjølve såg verda med sine eigne auge! Mannen såg også dårlegare i mørkret enn før.

Fangane meinte at auga hans var blitt øydelagde fordi han gjekk ut av hola. Derfor ville dei ikkje dra. Dei ville vere der det var kjent og trygt.